Anti-Virus (test av spel)steemCreated with Sketch.

in #norway7 years ago


Føl deg som eit Mensamedlem!

Den lokale Notabenebutikken har visst gått konkurs. Merkeleg i grunn med tanke på plasseringa den hadde på Sogningen Storsenter. Alle som kom opp rulletrappa og skulle på Vinmonopolet, tok jo snarvegen gjennom Notabene. Dette i seg sjølv burde jo ha vore godt noko kundegrunnlag til å overleve. Uansett, butikken skal vekk, og alt av rubbel og bit i sjappa vart lagt ut til 75%. Når eg oppdaga dette gjekk eg rett i åtseletar-modus. Som ei utsulta gribbe, ufrivillig satt på Grethe Roede-diett flaug eg rett bort til hylla for brett- og kortspel. Eit av innkjøpa var Anti-Virus frå produsenten Smart Games.

Anti-Virus består av eit kvadratisk brett med ein opning i det eine hjørnet. Brikkene er i ulike fasongar og fargar, der ei raud brikke representerar eit virus. Alle brikker, bortsett frå kvite einarbrikker, kan flyttast diagonalt. I den medfølgjande boka følgjer det med 60 oppgåver. Ein set opp brikkene som anvist i boka, og poenget er å flytte rundt på brikkene, slik at ein får virusbrikka ut av kroppen/kvadratet.

Dette spelet er fort å bli hekta på! Eg byrja på oppgåve 1 og følte meg umiddelbart utruleg smart når eg løyste det. Det eg trudde var nivå 1 gjekk temmeleg fort og eg var ganske så høg på pæra då eg kom til nivå 2. Eg skimta Mensa medlemsskapet innan rekkevidde, og kunne sjå Nobelprisen borte i horisonten. Det vil sei, heilt til eg såg nederst i oppgåveboka. Då såg eg nemleg at eg hadde gjort meg ferdig med “starter” oppgåvene og var no komen til “junior”. Godt nedjekka fortsatte eg med oppgåvene og gjekk frå junior til ekspert, og vidare til master. Nokre fleire kveldar med hjernevridning, lågmælt banning og kløing i skjegget, så skal eg kome over til wizardoppgåvene og runde heile sulamitten.

Spelet passar også for ungar. 6 og 5-åringen min likar spelet, og sit og klør seg i hovudet og flyttar brikker fram og tilbake. Ekstra stas er det når ein av oss gamlingane blir med og vi løyser oppgåvene i lag.

Dersom du likar spel du kan spele både åleine eller saman med andre, og har lyst å føle deg veldig smart, for så å bli skikkeleg utfordra, så er det berre å handle. Genialt spel! Spørst om ikkje eg må sjekke ut andre spel frå Smart Games og.


(Testen er henta frå heimesida mi)

Sort:  

The @OriginalWorks bot has determined this post by @driftnerd to be original material and upvoted it!

ezgif.com-resize.gif

To call @OriginalWorks, simply reply to any post with @originalworks or !originalworks in your message!

To enter this post into the daily RESTEEM contest, upvote this comment! The user with the most upvotes on their @OriginalWorks comment will win!

For more information, Click Here! || Click here to participate in the @OriginalWorks sponsored writing contest(125 SBD in prizes)!!!
Special thanks to @reggaemuffin for being a supporter! Vote him as a witness to help make Steemit a better place!

@eileenbeach has voted on behalf of @minnowpond. If you would like to recieve upvotes from minnowponds team on all your posts, simply FOLLOW @minnowpond.

    To receive an upvote send 0.25 SBD to @minnowpond with your posts url as the memo
    To receive an reSteem send 0.75 SBD to @minnowpond with your posts url as the memo
    To receive an upvote and a reSteem send 1.00SBD to @minnowpond with your posts url as the memo

Många människor blir frustrerade med online casinos eftersom att de inte kan tjäna pengar eller så är online casinot väldigt obekvämt att spela på. Jag tror att problemet är huvudsakligen ett dåligt val. Det är bra att Casinofia bara har beprövade online casinos, där du alltid kan välja någonting lämpligt och börja spela direkt.

Coin Marketplace

STEEM 0.29
TRX 0.25
JST 0.041
BTC 96613.10
ETH 3370.18
USDT 1.00
SBD 2.39