Test: Forever deo

in #norway4 years ago

Såpe under armen.

Det virkar som tredjekvar feminine skapning er Forever-selgjar for tida. Ikkje høyrt om Forever? Det er eit firma, som på lik linje med Tupperware, baserer seg på sal via homeparties og liknande. Og som Tupperware er det vel stort sett seljarane som vert sitjande att med varene. Med mindre ein er veldig ivrig som seljar, evt er halvdårleg venn, og får pusha varene på alle bekjente.

Til vanleg brukar eg ein stick frå Nivea, som eg er veldig godt nøgd med. Eg har pinglete hud i kitlehola, og vert fort sår av deodorantar med alkohol. Særleg roll-on deodorantar, som eg mistenkjer er påfunne av satan sjølv. Min erfaring med spraydeodorantar er at dei tapar lukta si fort. Det er mogleg sveittekjertlane mine er for heftige for eit lag spray, men med stick er ikkje dette problem. Ein deodorantstick frå Forever kom meg i hende, og eg tenkte eg kunne teste den ut. Eg hadde jo uansett skrapa tom dei siste molekyla frå Nivea’en.

Aloe Ever-Shield Deodorant Stick. Som så mange av Forever sine produkt inneheld denne altså Aloe Vera. Dette magiske middelet mange er byrja å tilbe. Som ein god, gamaldags mikstur solgt av ein suspekt heksedoktor, lovar fansen at aloe vera skal hjelpe mot alt. Heldige meg fekk ein gong smake ein drikkbar versjon av vidundermiddelet, i samband med at eg hadde streptokokkar i fleng. Men Forever sin definisjon på kva som er drikkande er heilt anleis enn min. Eg har ete og drukke mykje merkeleg, mellom anna hund og kokongane til silkeormar, men det skvipet var utvilsomt det [email protected] eg har smakt. Det vert sagt at med vondt skal vondt fordrivast. Men at det går an å drikke noko so hesleg utan å døy er meg eit under.

Tilbake til armholestikka. Lukta er beskjeden og anonym før du prøver den på. Den luktar i grunn minimalt. Når den kjem på pelsen derimot, vert det utløyst ei såpelukt. Såpe, som i gule, 80-tals såpestykkjer. Den typen som søstrene mine dreiv og pakka inn i silkeband og pyntestæsj, på den tida då slikt og potpourri var populært. Ikkje akkurat favorittlukta, men greitt nok, det er betre enn å lukte svettare enn ein vekkgøymd Saddam Hussein, etter 3 månader i hola si.

Det fine med Nivea’en er at ein gnikkar den på, men ikkje merkar at den er der. Slik er det ikkje med Ever-Shield, den vert fuktig når eg tek den på. Dermed kjennes det ut som at eg er svett og klam, og det er vel akkurat motsatt av kva ein deodorant skal få deg til å kjenne. Så då går eg no rundt slik, småklam og uggen. Eg lengtar tilbake til Nivea’en min. Den kan eg berre klaske på og gløyme at eg har den på. Og når denne Forever Aloe Ever-Shield deodoranten i tillegg kostar 80 kr, så er det siste gong eg brukar denne.

(denne testen vart først lagt ut på heimesida mi)

Sort:  

This post has received a 61.54 % upvote from @sleeplesswhale thanks to: @driftnerd.

The @OriginalWorks bot has determined this post by @driftnerd to be original material and upvoted(1.5%) it!

ezgif.com-resize.gif

To call @OriginalWorks, simply reply to any post with @originalworks or !originalworks in your message!

steady commander