Test: Alto's Adventure

in #norway7 years ago


Audiovisuell awesomeness.

Hugsar du Deluxe Ski Jump? Då eg gjekk på vidaregåande, tilbake på 1800-talet, var dette ein stor farang. Grafikken var enkel, men det var den fantastiske spelbarheiten som gjorde oss avhengige. Lyden frå den intense hamringa på tastaturet ljoma i korridorane. Mangt eit keyboard måtte gi tapt når dei pubertale gutungane satsa alt på nye bakkerekordar. Dei ellers så byråkratgråe timane med bedriftsøkonomi vart til eit saftig avbrot då Ski Jump kom på bana.

Første gong eg prøvde Alto’s Adventure gjekk minnene umiddelbart tilbake til Ski Jump. Eg veit ikkje akkurat kvifor. Grafikken er heilt anleis og ein slepp å antaste keybordet på grovaste måte. Kanskje er det ein kombinasjon av snøen og spelbarheita.

Du er ein gjetar i ein fjellandsby. Lama’ane dine stikk plutseleg av og spring nedover fjellsida. Du hoppar opp på ei snøfjøl for å samle dei innatt. Enkelt og greitt.

Alto’s Adventure er visuelt slåande vakkert, alt frå første skjermbilde. Grafikken er nydeleg, men enkel, i duse, beroligande fargar. Dette kunne glatt ha vore Ari Behn sin våte pastelldraum.

Det er kun ein ting du kan gjere i spelet, nemleg å hoppe. Så enkelt, men likevel så vanskeleg. Held du fingen på skjermen byrjar gjetaren ta salto.

Nedover fjellsida må du passe deg for steinrøyser, stup og sovande gamlingar som klikkar i vinkel når du vekker dei. Gamlingen kjem etter deg i rasande fart, og den einaste måten å kome unda på er å lande ein salto slik at du får auka farten din.

Etter at du har spelt nokre minutt, og kanskje nokre rundar, byrjar det å kveldast på spelet, og alt vert mørkare. Når du kjem so langt håpar eg at dine ungar har reinare hender mine. For når skjermen blir mørkare er det eit reint fjellvett å spele på ein skjerm impregnert i gammal ketchup og sjokolade.

Medan det visuelle er nydeleg på Alto’s Adveture, er lydsporet også veldig behageleg og avslappande. Hadde ein kunna berre sett på det, heller enn å spele, hadde dette vore den perfekte byssanlullen. Men som spel er det altfor engasjerande å sovne til.

Eit utruleg vakkert og artig spel eg vil anbefale alle.


Du finn Alto’s Adventure på appstore til iPhone og iPad.
Heimesida finn du her: http://altosadventure.com

(denne testen la eg først ut på heimesida mi)

Sort:  

Det der er lenge siden :) Kva er rekorden din @Driftnerd?

Usikker! Men er ikkje kome til level 31 enda i alle fall (har ikkje fått opna neste personen, siste er Paz :)

The @OriginalWorks bot has determined this post by @driftnerd to be original material and upvoted(1.5%) it!

ezgif.com-resize.gif

To call @OriginalWorks, simply reply to any post with @originalworks or !originalworks in your message!

Coin Marketplace

STEEM 0.18
TRX 0.16
JST 0.030
BTC 68394.30
ETH 2644.71
USDT 1.00
SBD 2.69