Tech test: Cardboard VR

in #norway7 years ago

Magisk papp.


Photo Source

Eg hadde aldri trudd eg skulle bli supergira av å få tilsendt papp i posten, men denne dagen har eg venta på. Som ein forventningsfull liten unge har eg sjekka postkassa med mikroskop kvar dag, i håp om at den svarte pakken med apelogo skulle dukke opp. Det har vore mykje skriveri om VR-briller, og endeleg skulle eg få prøve det sjølv, takka vere Alphageek.





Med litt hokus pokus bretting vert den tilsendte pappplata gjort om til nettopp VR-briller, med magnetar, linser og det heile. Så ein kjapp tur innom App Store for å laste ned ein VR-app eller to på telefonen – og vi er klar. Konseptet er genialt enkelt. Du legg telefonen på anvist plass inni brillene, fyrer opp appen, og stikk trynet inn i gluggane. Velkommen til virtuell virkeligheit.

>
Photo Source

Brillene fungerar perfekt. Enkelt og greitt. Den brune pappen har plutseleg vorte forandra til ein magisk inngangsportal inn til andre verdenar. Når du beveger hovudet rundt, og ser i andre retningar, så vert synsvinkelen din flytta samtidig, takka vere bevegelsessensorane i telefonen din. Sjølv tok eg meg først ein tur på berg og dalbane, noko som kanskje ikkje var det luraste førstevalet, sidan eg har like gode balansenerver som ein sengjeliggjande 90-åring. Ein ting er å sjå rett fram på berg og dalbana, men heile poenget med VR-briller er jo at du skal kunne flytte blikket. Men for ei halvsvimmel pingle er det definitivt ikkje lurt å kike rundt ikring når den virtuelle kroppen din beveger seg i ein annan retning. Det gjekk ikkje lange tida før eg kjende bilsjuka kome kravlande. Kva meir bevis treng vi på at VR-briller funkar som fy? Kvalmande moro!

På App Store ligg det mange VR-appar du kan laste ned, nokre betre enn andre. Eg har også høyrt rykter om at det er mogleg å sjå innsida av Millenium Falcon i VR, ein våt draum for ein gammal Star Wars disippel. So no er det berre å tråle nettet etter nye lokasjonar, både ekte og datagenererte.

Er du lysten på å teste ut briller kan du kjøpe dei hjå alphageek.no for den nette sum av kr 94,43-

Dette var knakande stiligt, og kan verkeleg anbefalast.
Prisen er overkomeleg, moroa uendeleg.

Sort:  

Du kan få ordentlig vr briller som det er skjermer inni. Men litt annen prisklasse. De funker de der men jeg bruker briller så var ikke så super gira på dem..

Men det finnes jo pornhub VR hehe. Værdt å sjekke ut.

Kos deg med dem.

Gutter er gutter. Hva kan man si:P

Hvor krevende er disse VR applikasjonene? Må man ha siste flaggskip-telefon fra de mest populære produsentene, eller kan man klare seg med mer budsjettvennlige telefoner tror du?

Hei @leanvix. Eg bruker min iPhone SE, og det må vel kallast ein busjett-telefon?

Ja, det kan vel kalles en budsjett-telefon. Interessant, får bokmerke alphageek og se om det ikke er noe jeg må prøve ut en gang.

Veldig artig og billig moro

Ja, høres artig ut.

You got a 1.79% upvote from @postpromoter courtesy of @driftnerd!

Want to promote your posts too? Check out the Steem Bot Tracker website for more info. If you would like to support the development of @postpromoter and the bot tracker please vote for @yabapmatt for witness!

Coin Marketplace

STEEM 0.19
TRX 0.15
JST 0.029
BTC 63398.53
ETH 2660.51
USDT 1.00
SBD 2.77