Tankar: Er du i eit daudt forhold?

in #norway6 years ago

Mangel på kjærleik.

Noko av det verste som fins må vere forhold der det ikkje er igjen eit fnugg av kjærleik. Ingen småtafs eller varme blikk. Ingen nærheit eller gode ord. For dei fleste par vil sjølvsagt den svermande kjensla av nyforelsking gradvis avta etter kvart. Sommarfuglane i magen vert til halvdaude møll. Kvardagen tek over, og forholdet går over i ein ny fase. Ein fase der ein kjenner tryggleik, forståing og tilknytning til den andre parten. Frå ei stormande forelsking til det å ha ein bestevenn ein kan stole på med alt, inkludert høglytte avgassar frå kroppens indre.

Men nokre forhold går naturleg nok i oppløysning. Forelskinga viser seg å vere basert på feil grunnlag. Draumeprinsen vart forvandla til den slimete vortefrosken han eigentleg alltid hadde vore. Eller samholdet kan ha vore planlagd med feil kroppsdel. Somme tider virkar det som at folk vert saman nærast som ein desperat naudløysing, sidan den biologiske klokka dundrar i øyrer og eggstokkar. Trangen til forplantning overstyrer alt anna og ein dreg til seg den første villige ein finn. Og av og til veks ein berre frå kvarandre og utviklar seg i motsatt retning av kva den andre parten gjer. Då snakkar eg ikkje om fysisk vekst der den eine plutseleg er 2 meter høgare enn den andre, men altså mentalt. Men det vi sikkert alle tykkjer er mest trist, er når det er ungar inne i bildet.

Mange par vel nemleg å halde saman for bornet sin del. Ein tåler ikkje synet av sin verre halvdel, men vil samstundes ikkje såre barnet og traumatisere det for resten av livet. Men er det verkeleg bra for eit born å vekse opp i ein heim der foreldra ikkje har kjærleik til kvarandre? Er det bra for eit born å sjå at mor og far kun har eit reint platonisk forhold, knapt snakkar med kvarandre og ikkje viser omtanke for den andre? Korleis vert det for dette bornet seinare i livet, når det sjølv skal gå inn i eit forhold? Kva tankar og idèar vil vel då bornet ha, om korleis eit normalt forhold skal vere?

Eg vil tru at bornet då har betre av at mor og far skiljer lag. Fort og brutalt. Det må jo vere betre for eit born å sjå foreldra glade, om enn fråskilde, enn ulukkelege som eit par som føler avsky mot kvarandre. Ungar trur jo ofte dei har skuld i skilsmissa, er det då ikkje logisk å tenke at dei også trur dei er skuld i foreldrenes kalde kjenseler for kvarandre, særleg når dei ser korleis andre ungars foreldre er mot kvarandre? Dersom mor og far i tillegg får nye partnerar vil bornet kunne få vere ein del av to heimar der kjærleiken gror. Der dei vaksne er gode mot kvarandre, snakkar med kvarandre, og hjelper kvarandre.

Eg veit ikkje. Skilsmisser og brot i forhold er sjølvsagt alltid trist og vondt for borna. Men eg trur ikkje det er noko særleg betre å vakse opp i ein kald heim utan teikn på kjærleik mellom dei vaksne.


Bilde kjelde

Sort:  

You got a 1.42% upvote from @postpromoter courtesy of @driftnerd! Want to promote your posts too? Check out the Steem Bot Tracker website for more info. If you would like to support development of @postpromoter and the bot tracker please vote for @yabapmatt for witness!

Coin Marketplace

STEEM 0.18
TRX 0.14
JST 0.030
BTC 58639.60
ETH 3167.30
USDT 1.00
SBD 2.43