SPEL: Kakerlakksuppe

in #norway7 years ago

Slurpespel.

Kakerlakksuppe er eit raskt kortspel der det gjeld å ha tunga beint i munnen. Er du treig eller seier feil, så taper du.

Kvar spelar får ein bunke med kort. På korta er det 4 ulike grønsaker. Gulrot, Selleri, Paprika og Sopp. Minstemann byrjar. Han snur det øverste kortet i bunken sin, ser at det er ei gulrot, og legg det raskt på bordet medan han seier “gulrot”. Nestemann får paprika, legg det ned og seier “paprika”. Spelar nummer tre får også paprika. Men sidan forrige sa paprika, så kan ikkje denne spelaren sei paprika. Ein kan ikkje sei same ordet som den forrige spelaren. Spelar tre legg derfor ned paprika-kortet, men seier feks “sopp”. Dersom han brukar for lang tid, eller seier “paprika” så må han trekke inn dei korta som ligg på bordet. Enkelt eller kva?

Men det vert verre. Inni bunken med kort fins det nemleg slurpekort. Dei viser bilde av ei av grønsakene – men med kryss over. Når du får dette kortet, så legg du det ned og lagar slurpelyd. Dersom kortet viser selleri med kryss over, så skal alle som no framover får sellerikort lage slurpelyd når dei legg sellerien på bordet. Det er altså ikkje lov å sei “selleri”. Og dersom nokon andre har laga slurpelyd før deg, må du sei “mmmmmmmm” istadenfor.

Slurpekortet let de ligge på toppen av bunken, og byrjar på ein ny spelebunke nummer to på bordet, slik at de alltid ser kva grønsak det ikkje er lov å sei namnet på. To slurpekort kan vere aktive i gangen, feks selleri og sopp. Dersom eit tredje slurpekort vert spelt, så erstattar dette selleri-slurpekortet, som vart lagt først.

Dette er eit spel som eg mistenker kan vere meir morosamt under påverknad av alkohol, enn det er saman med ungane. For med ungane vert eg rett og slett for god, og må gjere meg litt dårlegare enn eg er. Ungane tykkjer spelet er rasande moro, heilt til dei sjølve gjer feil og må trekke inn kort, sjølvsagt. Men dersom ein er litt bedugga og snøvlete av trur eg dette spelet kan vere ekstremt artigt, i alle fall viss du legg inn nokre drikkereglar med ein shot kvar gang du seier feil, eller ein shot på alle kvar gong eit slurpekort kjem på bordet.

Sort:  

OMG! This is SUCH an AMAZING post! Thank you for sharing! I gave you a vote!!

Hvor mange slurpekort er det? Og hvor mange kort totalt?

Lurer på om dette går an å spille med en vanlig kortstokk, ved å si spar/hjerter/ruter/kløver i stedet for grønnsakene, og behandle billedkortene som slurpekort.

Jeg fandt dette spil meget kedeligt. Jeg foretrækker logik spil og så videre. For eksempel spiller jeg mimy iceland, fordi det er objektivt mere interessant. Forresten kan du endda vinde præmier der.

Coin Marketplace

STEEM 0.17
TRX 0.16
JST 0.028
BTC 76338.99
ETH 2965.83
USDT 1.00
SBD 2.62