Sodastream: Gudanes nektar!

in #norway7 years ago

Livsforbetrande bobler.

SodaStream. Eit fantastisk maskineri som kan utføre mirakel. SodaStream kan nemleg forvandle vatn til gudane sin nektar. Og då snakkar vi ikkje gammal, sur vin av nedtrakka, fotsoppinfiserte druer. Nei, SodaStream gjer vatn om til brus. Herleg boblande brus i akkurat den smaken du sjølv vil. Men dette er ikkje alt som er positivt med brusmaskineriet.

“Kvinnfolk og tomflasker er det verste eg veit”, sa Høggern i Vazelina Bilopphøggers. Kvinnfolka kan ikkje SodaStream hjelpe med, men sei farvel til tomflaskene dine! Med mindre du er ein tiger å pante, så er nemleg bobleapperaturet umåteleg plassbesparande. Maskina brukar nemleg spesielle flasker som tåler høgt trykk. Det vil sei at du lagar brus i ei flaske du vaskar og brukar igjen og igjen. Du slepp at det hopar seg opp med tomflasker. Dette er jo miljøvenleg og, for dei som likar slikt. Forbruket ditt av plast går nemleg ned.

Og er du gnitapung som meg, så er også SodaStream knakandes flotte greier. Sjølve maskina er svinbillig no ser eg. Eg kjøpte mi for rundt 4 år sidan til 699,- og no får du ein finare versjon for 499,- Konstruksjonen er enkel, men elegant. Det betyr at den varar veldig lenge, så sant du ikkje går heilt kanakkas på den. Samt at den ikkje er skjenerande å ha ståande framme på disken. Ei flaske med boblegass kostar 200 kr første gangen, 100,- kr for påfyll/bytte av flaske. Ei slik flaske held til ca 60 liter boblevatn. Det bør jo vare nokre dagar. Smakstilsetninga kostar 60 kr for ei flaske som held til 12 liter. Ser vi vekk frå kostnaden med sjølve maskineriet gir dette ein brus med literpris på 8,33 kroner (når ein tenkjer 200 kr for gassflaska). Med mitt bruk av sjølve apperaturet, vil eg anslå at den i alle fall held seg til 500 liter pris, og slik sett gir ein kostnad på 1 krone literen. Så sei då at ein liter brus kostar deg kr 9,50 betydeleg billigare enn ein Cola, som ligg 13,50 for berre ein HALV liter.

Men er smaken god? Ja, so absolutt. Dersom du vil ha colasmak, så har eg dessverre enda til gode å finne ein versjon som smakar skikkeleg Coca Cola. Det vert meir som RC Cola og liknande. Men dersom du likar andre smakar er SodaStream tingen. Dei har ein ingefærbrus som er heilt umåteleg god, og som er min favoritt. Appelsinbrusen smakar skikkeleg god appelsin. Vidare får du ein frisk og god bringebærbrus og mange andre sortar. Du får også smakstilsetjingar viss du er meir av farristypen, sportsdrikkar viss du driv med slikt, og drinkmixar viss du er av den festglade typen. Du får også brus med langt mindre sukkerinnhald vanleg kjøpebrus. Eit knallgodt utval som skal tilfredsstille dei aller fleste, og som gjer at du kan ha brus til både kvardags og fest.

I følgje mine kalkuleringar har livskvaliteten min auka med 37,4% sidan eg fekk SodaStream i hende. Så no er tida inne for at du og tek steget, om du ikkje har gjort det allereie. Skaff deg ei boblemaskin. Gå for SodaStream!

Sort:  

denne maskinen kommer til å ødelegge hele idretten! da det ikke er noe pant for dem å hente :p

haha! dei får heller pante brukte mobilar eller kanskje selje lodd slik vi gjorde i gamle dagar.

Skaffet meg boblemaskin for en stund siden. Snakk om økning i livskvaliteten. Klarer ikke drikke vanlig vann lengre. Føles billig.

Ungene er storfornøyde og. Tror de får brus hver dag.

Livet er en fest!

PREACH BROTHA!

This post has received a 75.00 % upvote from @sleeplesswhale thanks to: @driftnerd.

The @OriginalWorks bot has determined this post by @driftnerd to be original material and upvoted(1.5%) it!

ezgif.com-resize.gif

To call @OriginalWorks, simply reply to any post with @originalworks or !originalworks in your message!

Coin Marketplace

STEEM 0.18
TRX 0.16
JST 0.030
BTC 61164.79
ETH 2416.89
USDT 1.00
SBD 2.63