Mattips: Sursøt Paprika

in #norway7 years ago


So j@vla godt, og enkelt!

Mot betre vitande skal eg i dag dele mi oppskrift på noko av det nydeligaste tilbehøyret eg veit om. Inspirert frå det asiatiske kjøkenet kjem Sursøt Paprika. Eit tilbehøyr som passar fisk, fugl, fe og det som verre er. Frisk paprika med smak av både sukker og eddik er heilt nydeleg. På med forkle og kokkeler i veg!


– paprika (gjerne i fleire fargar)
– raudlauk
– olivenolje
– salt / pepar / sukker
– eddik (raudvinseddik om du har)
– basilikum (fersk er best, men tørka er heilt greitt)
– Extra virgin olivenolje

  1. Strimle paprikaen og kutt raudløken.
  2. Når panna er HEIT, steikar du paprikan og lauken lett i olivenolje.
  3. Ha over salt / pepar og ein del sukker.
  4. Steik til paprikaen glinsar i skinnet. Sukkeret gir fin glans.
  5. Tilsett eddik. Pass på at du ikkje tek for mykje, sidan eddiken er kraftig på smak. Bruk nasaskaftet og lukt deg fram til ein passeleg blanding. Du skal kjenne ei svak eddiklukt, men den skal ikkje vera dominerande.
  6. Skru så ned varmen og tilset nokre spiseskeier med Extra Virgin olivenolje. Småkok i 2-3 minutt.
  7. Kutt opp basilikum og tilset, mens du skrur opp varmen.
  8. La det steike i ytterligare 30 sekund.
  9. Presto! Ferdig!

(denne oppskrifta la eg først ut på heimesida mi)

Sort:  

Ser utrolig godt ut, må nok få kånå til å lage dette i kveld.

Dette trur eg faktisk du kan klare sjølv og. Eg har trua på deg!

Ser yummy ut. Takk for at du deler.
Jeg følger deg med håp på flere sånne artikler.

Tusen takk! Kjem mykje merkeleg frå denne kanten

looking tasty, I must try this :)

And extremely easy

This post has received a 80.00 % upvote from @sleeplesswhale thanks to: @driftnerd.

Thank you, and me. But mostly you. Or me. Thank you!

@originalworks Sett vekk frå at eg har posta denne på heimesida mi og

Coin Marketplace

STEEM 0.20
TRX 0.12
JST 0.028
BTC 64453.36
ETH 3507.44
USDT 1.00
SBD 2.56