Korleis få varm vinterbil

in #norway4 years ago

Lei av iskald bil?

Vinter og snø er vel og bra, men ikkje når det kjem til bil. Det er ikkje kjekt å stå i ein halvtime og skrape ruter fri for snø og is. Enda verre er det dersom barnehageungane dine sit inni bilen og frys på seg feber, medan du skrapar meg til blods med frostbitne hender. Men dette er det heldigvis lett å gjere noko med.

For under 600 kroner kan du få ferdig oppvarma bil til du skal levere i barnehagen, eller skal på jobb om morgonen. Og det heile er ganske så enkelt og. Stikk innom Biltema eller liknande forretning, og plukk opp handlelista nedanfor. Med maks ein times lett arbeid er bilen din klar for kulda.

Du treng følgjande:

Jordet støpsel x 2
produktnummer 35190

kr 19,90- pr stk

Jordet skjøtekontakt x 2
produktnummer 35191.

kr 24,90- pr stk

Gummikabel 10 meter
produktnummer 44838

kr 119,-

Døgntimer
produktnummer 88162

kr 49,90-

Kupévarmer, 1400 W
produktnummer 40134
kr 369,-

Dette gjer du:
– Du byrjar med å sjå i motorrommet på bilen din, så løft opp panseret. Sjå etter om du klarar å sjå kor ledningane frå motor og batteri går inn i kupéen. Det du helst vil ha, er ein plass på passasjersida, der du kan stikke gummikabelen gjennom frå motorrommet og inn for føtene på passasjersida. Dersom du ikkje finn slike “hol” i torpedoveggen, som det så fint heiter seg, er det ein annan måte å få kabelen inn i kupéen på.

Dersom du ser etter på bilen din, så er det sikkert ei glippe mellom panseret ditt og sideskjermen framme ved frontruta. Her kan du tre kabelen gjennom og ned for dørsprekken. So kan du legge kabelen inn dørkanten. Dette er langt frå ideelt, men greit nok som ei forenkla løysning. Når du har fått ledningen inn i kupéen, så ta døra opp og att nokre ganger for å sjå at døra ikkje skrapar opp gummikabelen.

Med kabelen vel inne i kupéen går vi vidare. Finn fram ein jorda skjøtekontakt (ho) og opne denne ved å skru opp skruen på sida. Ta fram enden på gummikabelen og stripp endane til dei tre ledningane for gummi. Den gule og grøne ledningen er jord. Den skal festast i midten på skjøtekontakten, brun og blå skal til kvar si side. Det er likegyldig kva side dei går til.

På biletet ovanfor ser du korleis eit støpsel er skrudd saman. Med skjøtekontakten installert kan vi henge opp kupévarmaren. Du kan skru den fast med dei medfølgjande skruene. Viss du ikkje vil ha merker, kan du kjøpe ei kupévarmerhylle, og ha denne ståande på golvet på passasjersida. Så er det berre å plugge varmaren i din nylaga skjøtekontakt.

Kupévarmerhylle
produktnummer 40140
kr 59,90-

So får du byrje å leggje gummikabelen fint opp i motorrommet. Strips den opp og ut av vegen for varme. Finn også ut kor du vil den skal henge framme på bilen. Skal den henge synleg ut grillen, slik at alle trur du køyrer hybrid? Skal den vere skjult framme, rett under og bak framfangar? Finn ein plass du er nøgd med! Før du festar den heilt må du hugse å kappe gummikabelen i høveleg lengde, og å setje på støpselet (han). Bruk då same framgangsmåte som nemnd ovanfor med skjøtekontakten.

Set så støpsel og skjøtekontakt på det av gummikabel som er att. Plugg denne til nye støpselet framme på bilen, og inn i vegguttaket via døgntimeren. Døgntimeren stiller du inn slik at den sler seg inn eit par timar før du skal køyre til jobb/barnehage. Sim sala bin Laden, og du har varme i bilen neste morgon.

Vil du vere ekstra avansert kan du installere motorvarmar og, men det får vi ta ved eit anna høve.

NB! Dette er meint som ein guide, og eg tek soleis ikkje ansvar eller skuld dersom bilen din eksploderar.

(denne artikkelen vart først lag ut på heimesida mi)

Sort:  

This post has received a 80.00 % upvote from @sleeplesswhale thanks to: @driftnerd.

Thank you!