Fleksar du?
Har du fleksitid?
Komptid og fleksitid. 2 vakre begrep i mitt ordforråd, som eg lærte då eg fekk ny jobb. Det eine ordet vakrare enn det andre. Tidlegare jobba eg i ei langt meir kapitalistisk og kynisk bedrift. Eg hadde høyrt gjetord om fleksitid, på lik linje som eg hadde høyrd om ”all inclusive” ferieturar, festar på Playboy Mansion og 7 rette lottokuler. Det var noko eg hadde høyrd og drøymd om, men som aldri var innanfor rekkevidde.
Men i pengebedrifta var det ikkje noko som minna om fleksibel arbeidstid. Arbeidstida var skrivne i stein. Ja, overlevert av Moses sjølv, skulle ein tru sjefen. Om ein mot betre vitande hadde behov for fri ein dag, laut ein be om tillating og orsaking for dette, og helst då eit år i førevegen.
Overlevering av arbeidstidsreglar.
Etter kvart som lysta tok overhand, og eg vart far til ein søt liten lausunge, vart problema større. Farspermisjon var eit ukvemsord som ingen ville vite av, og då eg likevel valde å nytte meg av dette var misnøya stor. Forræderiet mitt mot bedrifta var tydelegvis av same skala som Quislings landssvik. Tilbake frå permisjon, og nokre tusen bleieskift rikare, måtte eg trø varsamt for ikkje å skape uønska merksemd. Eg kjende meg som ein merka mann, som levde på nåde. Enkelt var det soleis ikkje, då det viste seg at små ungar har ein tendens til å verte sjuke med jamne mellomrom. Å ikkje møte opp på jobb avdi ein har eit sjukt born er inga god grunn. Har ikkje barnet ei mor kanskje? Heldigvis har barnet ei mor, eg trur eg hadde hatt store vanskar med å produsere noko slikt på eiga hand. Men når ein er to om ansvaret, ville eg trudd at det var vanleg å byte litt på kven som skal vere heime og få orkesterplass til barnets samla verk av gaul og skrik. Nok ein gong vart eg uglesett av min sjef og kollegiatet rundt meg.
Ein annan sak var alle møta som vart arrangerte. Møta vart alltid helde etter arbeidstid. Overtid seier du? I draumeland sa sjefen. Ein skal vel ikkje verte kompensert for å nytte fritida si på eit møte som skal sikre bedrifta meir inntekter? Somme tider var vi likevel heldige, og fekk servert eit fat med halvgamal frukt på møtet. Men den småkvalme søtsmaken frå dei overmodne druene vart som oftast gjort sur, då det viste seg at grunnen til ”premien” var for å auke toleransen til diverse kutt for dei tilsette, samt auka arbeidspress.
Intelligent som du er, skjønnar du sikkert at det gjekk det ei stund før eg klarde å fatte kva fleksitid faktisk er. Kan eg verkeleg tene opp tid, og so kome seinare enn fastsett arbeidstid, og gå heim tidlegare? Kva slags anarkistiske tendensar er dette? Og komptid? Skal eg få noko tilbake berre avdi eg har reisetid til og frå møter utanfor arbeidstida? Eg vart svimmel berre av tanken. Det var for godt til å vere sant, rett og slett.
Sidan dette klarte eg å lure sambuaren til born nr 2, 3 og 4. Og eg tok etterkvart ut farspermisjon. Både leiar og arbeidskameratar var positive og ynskte meg ei fin permisjonstid. Eg fekk til og med ein flott sekk i gåve av jobben, med diverse lausungeutstyr. Og når ein av ungane mine no er sjuke, eller alle – om eg får jackpoten, møter eg ein hyggjeleg leiar på telefonen, som viser forståing og sympati når eg lyt tilbringe dagen heime, iført hørselsvern.
Apropo hørselsvern, i dag er det ingen kundar som har skrike til meg. Det er mest så eg saknar ungane. Kanskje eg skal flekse den siste halvtimen og hente dei litt tidlegare i barnehagen?
Det er inga sjølvfølgje å ha ein arbeidsgivar som tek omsyn til meg som individ.
Eg har det jammen godt.
Bilete av MR fantastic er henta frå: http://teachlikeasuperheroblog.com/tag/mr-fantastic/
Bilete av Moses er henta frå: cringely-wpengine.netdna-ssl.com/wp-content/uploads/2012/06/moses1-300x180.jpeg
Bilete av vekkarklokka er henta frå: http://www.dreamstime.com/royalty-free-stock-photography-time-to-earn-money-image6020757
Veldig bra du blir tatt vare på 😂 hos oss er det ingenting som heter flexitid, vi er derimot så heldige å få være på jobb i 12 timer om gangen, for så å gå å legge oss på lugaren i 12 timer for så å kjøre på i 12 til 😁 kanskje tilogmed så helfigur å få 4 timer overtid i ny og ne ☺️ men eg klager ikke! Liker heldigvis jobben min ☺️☺️
Godt at du held Noreg i gang 😁