Crybaby / Skrikarunge
Ingen bytterett.
Jammen er babyar søte. Hår- og tannlause små feittklompar som sug, slevar og sprengjer bleier. Dei er til og med utruleg søte når dei skrik og gaular, ja så lenge ein har overskot til slikt i alle fall. For ein ting kan seiast om babyar, dei gjer nett som dei vil. Dei bryr seg katta om du har sove dårleg, har vondt i hjernebarken, og føler deg som ein overkøyrd zombie frå The Walking Dead. Dei har ikkje ein gong dårleg samvit for at det er nettopp dei sjølve som har gjort deg slik heller, etter dei 14 mila du måtte gå att og fram i kåken, med den nemnde babyen på armen, natta før. Frekke småjævlar.
Når eg endeleg, etter ein times borgarkrig som enda opp i eit siste, episk slag på soverommet, har fått lagt dei større ungane for kvelden, og har fått sige ned i sofaen, halvdau og slappare enn ereksjonen til ein evnukk, ja då våknar det vetle beistet. Om det då har sove i det heile. Då set ho i, med ei skrikande stemme som kunne vore nytta som psykisk torturmiddel på Guantanamo. Som ei amøbe sklir eg ut av sofaen, og kravlar fram til minien som ein lam makk.
Eg skrapar saman, og smører meg inn, med den siste resten av tolmod, som eg eigentleg brukte opp førre veke, og byrjar å gå rundt og rugge på den vetle flyalarmen. Beina mine går på autopilot, sjølv om kvart steg stikk som ein kniv, for å minne meg om beinhinnebetennelsen eg har hatt sidan skrukketrollet vart fødd. Eg dreg fram den dimmiterte heimevernsoldaten i meg og krigar på, noko anna er det ikkje å gjere. Den vakra mora til skrikaren ligg nemleg i komatøs søvn, etter å ha blitt seigpint heile dagen av den vetle diktatoren. Det er babyen og meg, i ein intens nærkamp. Men mine våpen, rugging og byssing, er ingen match for hennar supersoniske skrikevåpen, akkompagnert av kjemisk krigføringsbleier.
Likevel tek søvnen etter kvart over for skrikinga. Hadde min utholdenheit i babyrugging vore overførbar til det å springe marathon, hadde Grete Waitz hatt meg som sitt ultimate førebilete. Det vert stilt, og den høgspente vetle babykroppen er med eit slappare enn vomba til eit vietnamesisk hengebuksvin. Eg stiltrar meg på tåneglene inn til krapylet si seng, og heisar med andakt ned i senga. Men så fort eg legg ho frå meg sprett augene opp som lyskastarar i mørkret, underlepen skyt ut, og alarmen går. På’an igjen.
Klokka vert etterkvart 4 på natta, før eg får lagt frå meg grevlingen, UTEN at alarmen sler seg på. Takk Gud, Allah, Jahve og Kraften! Eg klatrar opp i senga mi, og får akkurat lagt hovudet på puta då eg høyrer eit nytt gaul. Eit anna gaul. Det er 3-åringen som har vakna. Mareritt antageleg. Ja, ja, det var den natta. Det er berre 2 timar til eg skal stå opp likevel.
Du er altså en fantastisk skribent, kjenner meg gjen fra før i tia :D
Haha! Tusen takk for det
@originalworks @un-talented
The @OriginalWorks bot has determined this post by @driftnerd to be original material and upvoted(1.5%) it!
To call @OriginalWorks, simply reply to any post with @originalworks or !originalworks in your message!
This post has received a 76.71 % upvote from @sleeplesswhale thanks to: @driftnerd.