Bullshit: Kjærast

in #norway8 years ago

Har du lyst på ein hjarteven?

Eg vart etterspurd om ein liten guide til korleis ein skal få seg kjærast. Merkeleg nok kom ynskje frå ein tattatjuv som har hatt langt fleire hugleiksvener enn meg, men eg lev for å innfri. So her kjem ein guide som eg garanterar kjem til å gjere kven som helst meir attraktiv for det motsatte kjønn. Eg konsentrerar meg likevel om kva vi menn bør gjere for å finne den eine, spesielle dama, eventuelt den andre eller tredje.

Skil deg ut:

Skal du ha deg kjærast må sørgje for at vert bli lagt merke til. Ingen vil nokonsinne vurdere deg som kosekompis om dei ikkje kan sjå deg. Vi må med andre sørgje for at du vert eit lysande fyrtårn i ein ellers grå masse av kjedelege menneske. I denne epistelen vil eg derfor ta for meg kva ein kan gjere med ulike typar hår, for å bli lagt merke til.

Sveisen:

Det fins eit utal av kjedelege hårsveisar. Mix det opp litt og gå din eigen veg! Ikkje ver redd for å ta fram sauesaksa og eksperimenter litt på eiga hand. For all del ikkje gå til frisør, der får du berre standardfrisyrer andre har hatt før deg, eller i verste fall ein fotballsveis. Poenget er at du, som person, er unik. Håret ditt må representere det same.

På interwebben har eg klart å snappe opp nokre gode eksempel på folk som skil seg ut, på ein utelukkande positiv måte. Eg skal love deg at dette er karar som damene legg merke til.


Photo source


Photo source


Photo Source

Ansiktshår:

Damene elskar velstellte mannfolk. Med dette i tankane må eg sei at alt for få mannfolk tek ansvar for bryna sine. Det er bokstaveleg talt ein jungel der ute. Det er absolutt ingenting feminimt med å vokse og nappe bryna sine. Det beste av alt er at det ser mykje meir naturleg ut enn ei vilt voksande buskevekst.


Photo Source

Men ikkje gløym resten av ansiktshåret. Dersom du er komen så langt at du har meir en pubertetsdun på kjakane har du uendelege muligheitar til å imponere. Heilskjegg er igjen for vanleg og uinteressant. Det er godt nok for ein sliten 4-barns far, men ikkje for ein unghingst med eit veksande overskot av hugleik. Ta fram høvelen og barber fram noko spennande. Kva med ein smakfull Poirot-bart?


Photo Source

Kroppshår:

Det er mange meiningar om kroppshår. Men så lenge ein ikkje får alt for mykje av det i maten, så er det heilt greitt. Ein er ikkje nøydd å skalpere seg glatt som ei nakenrotte. Dersom du har kroppshår som ein brunbjørn har du eit enormt potensiale. Så fort vêret vert heitare, og du kan unngå frost i pelsen, er det berre å flekke av seg på overkroppen og vise fram godsakene. For akkurat som håret nemnd ovanfor, så kan også kroppshår friserast. Kva med noko romantisk slik som denne karen?


Photo Source

Konklusjon:

Hår er så mykje meir enn bollesveis og sleik. Med ei utradisjonell frisyre sikrar du deg merksemd. Og på lik linje med reklame, så er all merksemd god merksemd. Ta fram klippemaskina og friser deg attraktiv i dag.

Sort:  

You got a 1.42% upvote from @postpromoter courtesy of @driftnerd!

Want to promote your posts too? Check out the Steem Bot Tracker website for more info. If you would like to support the development of @postpromoter and the bot tracker please vote for @yabapmatt for witness!

Coin Marketplace

STEEM 0.04
TRX 0.33
JST 0.101
BTC 65974.96
ETH 1925.79
USDT 1.00
SBD 0.38