Er du redd for monsteret i mørket du ikkje kan sjå?

in #norsk6 years ago

Psykologi er generelt kunnskap om korleis folk tenke or reagere. Men etter mi meining mangle den mykje. For ein retning som det virke for meg at ikkje blir sitt på er konsept som religions historier og myter peike på runt demonar, monster og heltane i dei historiene. Dette er kor filar of TV seriar til dels tar over, som kan sjåast på som ein grunn til at dei er populære.

Så eg vil då spørja du som lese dette; Er du redd for dine eller mennesket sine demonar/monster? For det er så mange forteljingar som omhandlar monster i forskjellige former, men har du nokon gong tenkt over kva dei forteljingane eigentleg handlar om? Korleis vil du reagera om nokon opplyser deg om dine veike sider? Korleis vil du reagera om du er i ein situasjon der du ikkje har peiling på kva som skjer? Eller; Korleis vil du reagera om du høyrer historier om kva folk har gjort som du føler deg uvel av? Vil du rømma eller finna ut av og læra av situasjonen?

Etter som eg observere og høyra andre har observert, så vil mange rømma eller gjera sitt for å hinda at dei situasjonane oppstår. Eller angripa dei som kjem med den informasjonen dei ikkje liker, sjølv om den er sann. Vil du sei det er sterke folk? Korleis blir folk sterke ? Det er mykje å læra om oss sjølve, om kven me er, om kva potensiale me har; både gode og vonde. For korleis kan me løysa eit problem me ikkje er klar over? Eller vil du sei at det ikkje er eit problem om du ikkje veit om det?

Ein av utfordringane er nettopp det, at det ser ut som for meg at folk ikkje ser på problema som problem, fordi dei ikkje veit om at det er eit problem. Og om nokon hinte til det så blir dei sinte, av di dei føler dei blir angripne personleg ved å gjera dei usikre på kva dei har lært, som folk identifisere seg sjølv med. Noko eg sikkert har blitt sjølv før.

Så ser du nå eit av monstera inni oss som menneske? Er du modige nokk til å sjå monsteret i augene og utfordra det? La oss gjera oss kjende med å ikkje veta, med å høyra på all kunnskap som møter oss. For å forstå kunnskap , må me ikkje også forstå oss sjølve?

Blei inspirert til å skriva om dette etter å ha høyrd på denne podcasten av Joe Roagan:

Coin Marketplace

STEEM 0.19
TRX 0.15
JST 0.029
BTC 63350.70
ETH 2595.60
USDT 1.00
SBD 2.85