Eit analytis perspektiv på: Kvifor me spele data spel.

in #norsk5 years ago

I tida me leve i så blir data spel meir og meir ein del av «normalen». Si fleire og fleire spele ein form for data spel i varierande mengde. Men kvifor me spele data spel er eit spørsmål som kan vera greit å sjå litt på. Eg skrive; normalen i sitering, fordi det ikkje er ein konstant normal me har, dvs å sei at «det er normalt» er berre å sei kva folk definere som vanleg i det samfunnet dei bur i. Men det er eit eigne tema som kan skrivast mykje om i ein anna tekst.

Om ein søke på internett på det spørsmålet så vil ein fine mest referansar til 3 grunnleggande faktorar for kvifor me spele data spel. Som er kompetanse, å vera eigenrådig og sosiale koplingar(Competence, Autonomy and Relatednes).
Dette stemte nokk ikkje for tidlege spel, dei første typane som blei laga. Men med dagens teknologi så er spel så passa avanserte at dei utfordre folk nokk, til at me får ein meistring kjensle av å utføre forskjellige ting i spela. Om det er oppdrag, byggja ting, løysa ein type logikk puslespel eller setta saman ein bra kombinasjon av funksjonar i spelet. Den sannsynlege grunnen til at dette er attraktivt i spel er at det er mykje betre moglegheitar til å testa ut mykje fleire forskjellige aspekt i data spel enn i røynda. For ikkje å snakka om pengane det koste og dei moglege konsekvensane av det som blir gjort om ting blir gjort i røynda. DVS, spel er ein betre plattform til å testa ut ting me er nysgjerrige på. Det er same grunnen til at Situasjonar blir simulert på ein data i forsking samanhengar.
Det å vera eigenrådig er noko me ikkje får sjansen og lov til nokk i samfunnet, så der kjem spel inn som ein plattform der me tar alle vala sjølv, innanfor spelet sine reglar. Og spela er laga så passa bra at me har fleire val som me føle som frie nokk til at me ikkje kjenne oss kontrollerte av reglane i spelet. Eg skrive at me ikkje får lov til å vera eigenrådige i samfunnet av di eg ser at samfunnet er for strukturert og kontrollert. Då med at me går på skulen der me blir fortald kva me skal læra og kva me skal bruka tida på, og etter skulen må me gjera lekser. Me får etterkvart velja kva retning me vil gå i skulen, men dei vala er berre ut i frå kva me kan få jobb som i den økonomiske verda. Som er neste steg der me også blir fortald kva me skal gjera og få lite rom for å ta eigne val. Men dette er også eit eige tema som kan skrivast mykje om.
Så har me Sosiale koplingar, som dei typane spel som gir dei moglegheitene er berre komne i nyare tid. Altså spel du kan spela med andre der du samarbeide med andre i måla som er sett i spelet. Mest då i form av online fleire-spelar spel. For i dagens samfunn er det blitt vanskelegare å komma i kontakt med folk på «normalt» vis. Delvis av di me har ein mangel på tro på ein sjølv, og utfordringa med mobbing gjere det ikkje enklare. Men både ein datamaskin som kommunikasjon verktøy og via eit spel der me har ein avatar me orientere rundt og utføre oppdrag med andre på eit spel via internett, så er det lettare å få kontakt med andre. For ikkje å snakka om sjansen for å finna andre som har di interesse via at dei gjere det sama som deg, spele det sama spelet.
Og for å kopla saman alle 3 her i eit, som kan gjerast i online fleire spelar spel, så kan du velja kva du gjere, kven du snakke med og du kan samarbeida med andre både med å gjera ting lettare og å sjå kva korleis andre gjere ting og læra av det til å gjera ting betre sjølv. Dette kan lesast meir om i denne artikkelen.
Nå vil eg nemna at eg er ueinige i konklusjonen som blir tatt i den artikkelen, på korleis dette og spel kan brukast i samfunnet i form av det som blir kalla gamification. Det til gjera ting verre etter mi meining.

I ein video på Youtube laga av kanalen Vsauce, så tar dei opp dette spørsmålet frå eit litt anna perspektiv. Eit spel blir først definert til å vera ein utfordring i form av konkurranse som kan vera skjekt der me kan påverka direkte dei andre deltakarane i konkurransen. Det blir også presentert at livet kan sjåast på som eit spel i den forstand og då tatt vidare til mennesket og dyr sin naturlege tendens til å villa leka, som er grunnlaget bak konseptet, spel, er bygd på. For eit spel kan sjåast på som ei veldig avansert leka. Eller, eit medium å leka i? Uansett så leke me blant anna for å læra kva grensene våre er både fysisk og mentalt og eit spel er ein meir kontrollert for for lek som har reglar for korleis me utforske oss sjølve. Men eit dataspel mangle jo den fysiske delen, som kan vera grunnen til at me stille spørsmål bak verdien av data spel. Vidare blir det referert til livet sine nødvendigheit pyramiden eller Maslows Hierarchy of needs, der spel gir oss nokon av dei høgare nødvendigheitene på ein enklare måte som er grunnen til at me starta å bruka spel. Personleg vil eg heller sei at det er måten spel blir brukt på idag, og ikkje grunnen til at me starta å bruka dei.

Så data spel gir oss også ein fjerde trengsel, som er ein form for meining i livet. For via meistring kjensla så føle me at me betrar oss sjølve, via at me blir betre i spelet og kjem lengre i historia i spelet, som er sett opp som ein kamp mellom moral og ego, som me alle har ein kontinuerleg kam med oss sjølve rundt. Noko som me læra nesten ingenting om i samfunnet idag, anna enn via religion der me gir ansvaret for eigne val vekk til ei ekstern makt. Men det er eit anna tema for seg sjølv.
Tilsvarande, etter mi forståing, er dette grunnen til at nokon typar filmar og seriar er så populære av di dei fortel ei historie om nokon som meistrar over det vonda over alle odds. Som er ein ideal me vil sikta på, men jobbe for lite med.
Dei historiene er frå eit synspunkt ein metafor for våre indre konfliktar som me ikkje har tid til å jobba med i dagens samfunn. Eller det kan seiast at me blir distrahert og haldt opptatt med alt anna enn det. Etter korleis er forstår det.

Til sist her vil eg ta opp litt rundt ein av grunnane du høyre at folk seie dei spele; som er at det er ein måte å flykta frå stresset av livet på. DVS nokon bruke det å spela spel som ein måte å komme seg vekk frå stress og problem i kvardagen. Men det er ikkje den einaste grunnen til at folk bruke spel til å komma seg vekk frå kvardagen på. For samfunnet som det er idag, kan seiast at ikkje godtar nokon typar folk. Dei som er meir direkte ærlege, tenker meir på tankar, er meir kopla til det indre på ein måte. Folk som ikkje er heilt lika sosialt tileigna som resten, av kva nå grunn det er. Og dei då blir lett tiltrekte til spel, som noko å fokusera på mens dei finner ut av korleis dei kan fungera i eit samfunn dei ikkje passar inn i. Det er då for dei også, den effekten at dei kan finna venner via spela, då si dei kan kommunisera med folk frå heile verda via online spel. Dette er ikkje noko eg har studert mykje, men er ut i frå observasjonar og folk eg har snakka med.

Altså er det fleire forskjellige grunnar til at nokon spele data spel, som kjem an på kven det er snakk om, men nokon generelle retning linjer kan sjåast på.

Sort:  

Jag spelar dataspel eftersom jag lämnar alla mina negativa känslor i dem. Det ger mig också en liten inkomst. Jag säljer mina cs go skins på denna sida https://skins.cash/sv . Här är en kombination av användbar och trevlig

Om du, som jag, är trött på att jobba på ett kontor och konstant vara under någos vägledning, så kan jag rekommendera att prova på onlineinkomst, Casinon med utländsk spellicens. Casinos med utländska gamblinglicenser är bekväma i att du kan spela var som helst i världen, och du behöver dessutom inte vara beroende av myndigheterna, vilket var det viktigaste för mig.

Coin Marketplace

STEEM 0.28
TRX 0.13
JST 0.032
BTC 61146.27
ETH 2924.49
USDT 1.00
SBD 3.58