MAT: Stappa søtpotet

in #mat8 years ago


Passar til alt!

Søtpoteta var lenge noko framand som ein berre høyrde om i Thanksgiving-episodar av amerikanske tv-seriar som “Alle Elsker Raymond”, “Friends” og liknande. No i dag er den ikkje so merkeleg lengre. Til trass for sin smått radioaktive oransjefarge, får fleire og fleire augo opp for denne godsaken.


Photo source

Søtpoteta ser ut som ei stor potet, men som namnet tilseier er den søt i smak. Næringsmessig har søtpota meir fiber, vitamin A, kalsium og kalium enn standardpota. Men felles med vår vanlege, trauste potet er at også søtpoteta er brukande til det meste. Og ei stappe av denne fantastiske jordknollen passar som tilbehøyr til absolutt alt av mat. Fisk, kylling, grevling, elg og lakrisbåtar. ALT seier eg! I tillegg er det jo so utruleg enkelt å lage at det nesten er flautt.

Du treng:
– søtpotet
– smør
– salt & pepper

Dette gjer du:
– Skrell og kutt søtpoteta i terningar.
– Legg terningane i ei panne med vatn.
– Kok opp og la det koke i 10 minuttar. Kjenner du då etter med ein kniv skal kniven gli lett gjennom, nett som når andre “vanlege” poteter er ferdigkokte.

– Etter 10 minutts kok: ta av vatnet og hiv oppi ein god dæsj smør (ikkje vær gniten!)

– Når smøret har smelta litt finn du fram Hackiten og byrjar å hakke laus til du oppnår magisk mos. Flekk oppi noko salt og pepar for å dra fram smaken ytterligare.
– Når du har oppnådd ønska konsistens er det berre å smelle grauten opp i ei skål og servere. Kanskje ei skål i komplimentærfargen blå, for å få oransjefargen ekstra godt fram?

Kos deg!

Sort:  

You got a 0.87% upvote from @postpromoter courtesy of @driftnerd! Want to promote your posts too? Check out the Steem Bot Tracker website for more info. If you would like to support development of @postpromoter and the bot tracker please vote for @yabapmatt for witness!

Coin Marketplace

STEEM 0.04
TRX 0.32
JST 0.075
BTC 63426.05
ETH 1663.52
USDT 1.00
SBD 0.43