Mattips: Napp i løken!

in #norway7 years ago (edited)

Superenkelt tilbehøyr.

Velkommen tilbake til “Driftnerds Kokkeskule for Ubrukelige Amatørar” (D-KUA for kort). Tidlegare har du lært deg å lage sukkersopp, noko du heilt sikkert har imponert med fleire gonger i det siste. Og var ikkje det enkelt kanskje? I dag skal du få lære noko som er like lett, og like nydeleg. Og best av alt, det passar som tilbehøyr til alvorleg mange matrettar, deribland den viktigaste av alle: Biffen!

Lat meg presentere:

LAUKMIKS MED INGEFÆR

Ingrediensar:

  • Alt du måtte finne av forskjellige lauktypar (vanleg gul lauk, raudlauk, purrelauk, vårlauk, sjalottlauk og so vidare, eg trur du skjønnar poenget.)
  • Kvitlauk
  • Ingefær!
  • Ingefær sa eg!
  • Skappeleg smør

Du treng vidare:

  • Skjærefjøl
  • Kniv (forsiktig!)
  • Plaster(?)
  • Steikepanne
  • Steikespade
  • Steikeplate/komfyr
  • Brannslukkingsapparat(?)

Dette gjer du:

  • Set steikeplata på komfyren, med ein solid klump smør i. Hugs å skru på steikeplata når du har kutta halvparten av lauken.
  • Ta forsiktig fram kniven. Den eine sida av kniven er skarp. Ikkje kjenn etter kva side som er skarp, då kan du skjære av deg fingen, og det trengs ikkje blod i denne oppskrifta. Er du usikker på kva side som er skarp eller ikkje, så spør nokon som bryr seg om deg. Dersom du ikkje har ein slik person, sidan du er stokk, stein dum og er like sjarmerande som ein brunsnegel – så sett deg å sjå på TV, og gløym det du har lest hittil.
  • Dersom du fortsatt les, så ta av skalet på det du har av lauk, ingefær og kvitlauk.
  • Ta fram skjærefjøla og legg ein løk på brettet. Etter du har hakka denne i bitar, så legg du den til sides, og tek ein ny lauk på fjøla.
  • Kutt opp alt du har av løk i små bitar. Eg foretrekk finhakka, små bitar. På denne måten er det lettare å blande alle løkane med sine ulike smakar. På denne måten får du fleire smakar i munnen når du skuflar innpå ein gaffel, ikkje berre ein stor raudlauksbit til dømes.
  • Hugs å skru på steikeplaka når du er halvvegs i kuttinga.
  • Finhakk ingefæren og kvitlauken og. Du hugsa å ta av skalet ja? Du er flink.
    Når du har hakka alt du har, så har smøret sikkert smelta i steikepanna, det er mogleg at det også boblar litt. Det er flott. Det betyr at plata er heit, ver forsiktig so du ikkje brenn deg.
  • Ta oppi litt av laukmiksen du har hakka opp. Steik det til det vert gyllent i farge og det skin/glinsar litt i løken. Sop det då opp frå steikepanna og legg det i ein ny bolle.
  • Steik resten av miksen og gjenta forrige steg. Ha gjerne i meir smør so det ikkje vert for turt.
  • Når du er ferdig skrur du av steikeplata og dreg steikepanna til sides.
  • Laukmiksen er klar til å serverast ved sida av din favorittrett!

Kva seier du? Enkelt? Sjølv om det her er lauk på lauk på ingefær på lauk, så er det likevel masse ulike smakar. Men pass på at den du skal servere likar lauk. Og at dei ikkje ammar. Det kan vere lurt å avklare dette på førehand før du byrjar å laga godsakene. Det er snart søndag, kvifor ikkje lage dette tilbehøyret då?

(denne oppskrifta vart først lagt ut på heimesida mi)

Sort:  

Hahaha! Eg ekkje noe på løk, men helt magisk skrevet oppskrift! Du e helt fantastisk flink!

Eg takkar deg audmjukt, som alltid.

@originalworks (kind of)

Coin Marketplace

STEEM 0.19
TRX 0.14
JST 0.029
BTC 64249.62
ETH 3184.05
USDT 1.00
SBD 2.48