Mattips: Sukkersopp

in #norway9 years ago


Utruleg enkel snadder.

Lei av dei same, gamle matrettane, veke ut og veke inn? Seig fiskegrateng? Fabrikklaga kjøtkaker med på-kanten-gamle poteter? Lettsalta, overkokt brosme? Er den kulinariske kreativiteten din dauare enn underlivet til ein kastrert munk? Frykt ikkje! Her skal du få ei alvorleg enkel oppskrift på korleis du lagar sukra sopp. Dette er perfekt som tilbehøyr til dei fleste rettar, og vil sprite opp kvardagen din minst 4 hakk. Imponer dine nærmaste!

Ingrediensar:
– sjampinjong-sopp
– smør (skikkeleg margarin eller smør)
– sukker

Du treng vidare:
– steikepanne
– steikespade
– komfyr


Oppkappa og klar

Dette gjer du:
– Sett steikepanna på komfyren. Veit du ikkje kva ei steikepanne eller komfyr er? Spør mor di.
– Skru på komfyren. Dette vil føre til at steikepanna etter kvart vert heit, så ikkje brenn deg.
– Legg ein stor, god smørklump oppi steikepanna. Gjerne på størrelse med ei fyrstikkøskje eller større.
– Kutt opp soppen slik du vil. Enten det er i skiver, finhakka eller forma som delfinar.
– Steikepanna er no heit og god, og du vil nok sjå at smøret boblar litt.
– Legg soppen opp i steikepanna. Du steiker/smørkokar dermed soppen.
– Pass på at det ikkje vert for turt i panna. Ikkje ver gniten på smøret. Er du usikker? Ta i ein smørklump til for sikkerheits skuld.
– Hell sukker over soppen. Her kan du også vere raus. Ingen har vel nokonsinne døydd av litt sukker?


Smør og sukker

– Bruk steikespaden til å røre litt i soppen slik av og til. Den vil ikkje svi seg om du har nok smør i, men det kan vere greit å snu soppen slik at du får steikt den på begge sider.
– Soppen vil få ein klårare, gyllen brunfarge med glans i. Sukkeret vil gjere den litt klissete. Etterkvart vil du sjå at soppen heng til kvarandre med “sukkerhår”, nesten likt sukkerspinn. Då er den ferdig.
– Skru av komfyren.
– Ta soppen av steikepanna og over på serveringsfata.
– Dra steikepanna av komfyren, eller over på ei plate som er kald.
– Server soppen og resten av middagen, og imponer stort!

Sort:  

Jammen sopp e jo ikkje noe godt? Kom no med en oppskrift eg liker då! Hehe
Kanon bra ellers sjef!

du har vel ikkje lov å ete sopp, for då blir det vel å rekne for som kannibalisme :) tihi

Coin Marketplace

STEEM 0.05
TRX 0.32
JST 0.081
BTC 63253.25
ETH 1685.08
USDT 1.00
SBD 0.42