Test av Devilion EnergidropssteemCreated with Sketch.

in #norway8 years ago


Sug deg vaken!

Nærast kvar gong eg vert tilbydd kaffi får eg spørsmål om eg ikkje har blitt vaksen enda. Eg takkar nemleg nei, då eg ikkje likar kaffi, og alle som ikkje likar kaffi er spedbarn i følgje det norske samfunnet. Men eg har prøvd! Gang på gang har eg prøvd, frå kruttsterk, tyggbar cowboykaffi til feminin sjokoladekaffi med skum, mjelk og kanel på toppen. Eg likar lukta, den er god, men smaken er jo heilt fælsleg.

Det er ikkje lett å vere kaffiavholdsmann i Noreg. Den norske oljenasjonen er bygd opp og definert av kaffipausar. Derfor kan ein fort hamne på utsida av samfunnet om ein ikkje misbrukar denne sentralstimulerande på jamnleg basis. Så korleis skal ein nykter, sliten småbarnsfar, med heiltidsjobb, kome seg gjennom arbeidsveka uten å ri den magiske kaffidragen?


Under ein handlerunde på min lokale Menybutikk kom eg over ei mogleg løysing. Energidrops! Devilion Hard Energy Candy ser veldig spennande ut. Den svarte innpakninga med ein enkel teikning ein raud djevel er tiltrekkande. Eit gult klistremerke lovar smaken og effekten av ein energidrikk, og framsida reklamerar av eit innhald av koffein og taurin. Men kva er eigentleg dette tauringreiene som alle energidrikkar skryt av? I følgje vår venn wikipedia er taurin eit stoff som vi produserar i gallen, og som har ein beroligande effekt på nervene, og som kan motvirke vanndrivande effekten til koffein. Det vil sei at du kan bøtte nedpå med koffeinstappa energidrikker utan å få skjelven eller å konstant måtte på do. Praktisk!

Devilion må testast ut. Men korleis veit eg om dei virkar? Jo, ved å teste dei ut når ein er på det mest trøytte og slappe. Ein sein fredags kveld, etter at ein har krangla ungane i seng, har hatt ei lang arbeidsveke og endeleg greve seg ned i sofaen.


Pakken inneheld 18 drops, alle nøye innpakka i sin eigen vetle svarte pose, med ein liten, nesten usynleg djevel på. Det viser seg at djevelen er gjennomsiktig, og at ein kan sjå dropset gjennom djevelen. Nice touch, som dei seier der ute i verda. Dropset sjølv er raudt, og minnar i grunn om ein Repsil. Smaken er akkurat som pakken tilsa. Den smakar som ein klassisk, god energidrikk. Litt slik Burn, Rockstar, Red Bull’ish. Men kva med effekten?

Mine halvsløkte auge opna seg faktisk etterkvart betrakteleg. Det er mogleg at Jack Bauers siste sesong(?) på tv-skjermen hadde ein påverknad, men eg er soppass vand med gamle Jackieboy sine krumspring at eg gir æra til dropsa for oppvakninga. På pakken står det at overdreven bruk kan ha uønska effekt, eg reknar med det vil sei lakserande, rennamage-effekt. Derfor sugde eg kun i meg halve pakken, i frykt for uønska pottetid resten av natta. Heldigvis slapp eg på råma, men noko underleg skjedde nede hjå tarmtottane, då dei ved fleire høve utstøtte nokre høge gaul som eg er sikker på kunne høyrast av naboane. Men om ein kan suge seg til årvåkenheit er det vel verdt eit par vombavræl?

Endeleg er det mogleg for meg å kome meg gjennom arbeidsveka på lik linje med dei kaffidrikkande arbeidskameratane mine. Når dei vaksne sit der med brygget sitt treng dei ikkje lenger le av bornet som tek fram ein energidrikk for å halde seg vaken. No vert dei heller imponerte over at eg er så oppadgåande, der eg knaskar på halstablettane mine.

(denne testen vart først publisert på heimesida mi)

Sort:  

Hehe! Kjenner til følelsen av å ikkje drikke kaffi! Alle blir liksom overrasket av at du sier "nei takk", og ser på deg som om du skulle være sjuk 😂 kan ikkje skjønne at det skal være unormalt å ikkje drikke det beiske svarte greiene! 😵

Det er ikkje håp for meg som ikkje drikker øl i tillegg. Godt eg har snuffen...

it is very nice. I just upvoted you! I found similar content that readers might be interested in:

Coin Marketplace

STEEM 0.13
TRX 0.34
JST 0.033
BTC 115691.13
ETH 4471.26
SBD 0.86