Sykkelsetes forbannelsesteemCreated with Sketch.

in #norway7 years ago (edited)


Gi oss eit sete vi slepp å ha inni oss.

Sjølv om enkelte syklistar er komplett idiotar i vegbana, er sykkelen i seg sjølv noko av det mest geniale som er oppfunne. Ein forholdsvis enkel konstruksjon som let oss transportere oss sjølve akkurat dit vi vil, når vi vil, for eiga maskin. Alt vi treng er to føter som kan trø, og i nokre tilfelle ikkje det ein gong – det fins jo syklar der du sveivar deg framover med hendene. Vi kan få syklar til bruk både på og utanfor veg, syklar for snø og for galematiaskøyring ned fjell, ja til og med syklar du kan bruke på vatn. Men kvifor i heslege er det ingen som har funne på eit sykkelsete det faktisk går an å sitje på?

Eg elskar å køyre bil. Det er som meditasjon for meg og gjer at eg slappar av og kan late tankane vandre. Det er ein herleg følelse når bilen kjennes ut som ein del av deg sjølv, ein forlengelse av armar, føter og sinn. Kvifor får eg ikkje denne kjensla av å sykle? Jo fordi bilen føles som ein del av meg UTAN at eg treng å ha den oppi pressa opp i avløpsrøyret.

For kvifor må sykkelseta vere utforma slik at dei omtrent skal dyttast opp i dumpventilen? Kva slags sadistiske jævel er det som har designa desse seta, og kvifor gjer ingen noko med det? Mesteparten av dei minnar jo meir om eit gledesapparatur for einslege kvinner enn noko du skal sitte på.

Eg skjønnar godt at 97% av Tour de France deltakarane må dope seg. Ikkje berre må desse stakkars, ulykksalige syklistane iføre seg latterlege, inpåsittande 90-tals shortsar for å tene til livets opphold. Men dag ut og dag inn må dei gnikke hemoroidane sine til blods på eit ukomfortabelt sykkelsete. Det er ikkje så merkeleg at ein del av syklistane er ampre i trafikken.

Nokre googlesøk har gjort meg litt lettare til sinns. Det er nokre få menneske der ute som har teke ansvar og lagar andre, meir komfortable sete. Det fins håp der ute.

(denne artikkelen er henta frå heimesida mi)

Sort:  

Jeg måte stoppe å sykle. Følte meg forulempet etter hver tur.

Enig. Eg har mine mistankar til sykkelprodusentane. Det er tydelegvis ein fetishgjeng...

Coin Marketplace

STEEM 0.21
TRX 0.20
JST 0.035
BTC 90558.46
ETH 3133.31
USDT 1.00
SBD 3.06