Ekte barbering

in #norway7 years ago


Oppskrift til skikkeleg barbering.

Får du sår hud av barbering? Lei av å bli lugga av 7 blads barberhøvlar der turbohypersuperduper-blada kostar ei formue, uten å gi skikkeleg barbering? Her skal du sjå korleis ekte mannfolk barberar seg. Ein barbering som gir deg sunnare hud, tettare barbering og meir pengar til tull og fanteri.

Gløym barberskum på boks og Gilette sine machverk. Ekte mannfolk barberar seg med enkle, sylskarpe barberblad. Enten barberblad i ein safety razor, eller slik som nedanfor – i ein shavette. Ellers kan du også skaffe deg ein skikkeleg barberkniv, viss du virkeleg skal ta steget over i vaksenverda.

Fordelen med ein slik litt “gammaldags” barbering er at du får ein mykje tettare barbering som er mykje meir skånsom med huden enn eingangshøvlar og luggehøvlar med 18 blad. Ein høvel eller kniv kostar kanskje litt meir enn ein av dei andre alternativa, men varer livet ut. Eit barberblad rekk til ca 4-6 barberingar, og det kostar ca 50 kroner for 10 barberblad. Dessuten ser det så utruleg mykje tøffare ut og du føler deg 3 hakk meir manndig.

Nederst på sida finn du handleliste.

Korleis barbere seg som ein MANN:

Det første du gjer er å leggje barberkosten din i heitt vatn. På denne måten mjukar du opp busta til seinare.

Du kan godt ta deg ein dusj medan kosten ligg til bløyt. Viss ikkje kan du legge eit lite, blautt handkle over ansiktspartiet du skal barbere, for å mjukne det godt opp. Fyll vasken opp med heitt vatn, så varmt du klarer, slik at du kan væte ansiktet ditt ytterligare, og etter kvart skåle av høvel eller kniv.

Finn fram barbersåpa eller barberkremen din. Til ein barbering treng du ca ei negl med krem.

Legg dette i koppen/bollen din og pisk det til skum. Viss ikkje du har kost kan du alltids skumme opp kremen i handa di ved å feks bruke ein finger. Viss du vil ha meir fluffy skum tilset du litt vatn.

Eit alternativ til krem er shavestick. Dette er ein stick som du vætar i varmt vatn, før du gnir den over kjakalandingen og der du ellers skal barbere deg. Sidan kan du også bruke kosten rett på ansiktet for å få fram skummet.

Men før du tek på skummet, og viss du har, er tida no inne for å ta på litt olje. Pass på at ansiktet er godt væta frå før. Ta so nokre dråpar av oljen i hendene og gni inn i skjegget/stubbane. Dette sikrar betre gli for høvel/kniv.

Så er det berre å kline trynefjeset inn med skum, evt piske fram skummet frå sticken – direkte på fjeset. Beveg kosten i sirkulære bevegelsar, ja altså rundt og rundt. På den måten løftar du hårveksten så du får lettare tak i dei.

Finn så fram våpenet ditt. Safety razor, shavette eller kniv. Her bruker eg The Bluebeards Revenge Shavette. Ein shavette er som ein barberkniv, men i staden for at du må slipe kniven (noko som er ein kunst i seg sjølv) set du halve barberblad inn i shavetten, og byter ut desse etterkvart.

Barber alltid med håra først, aldri mothårs. Hald våpenet i ca 30 grader mot huda. Strekk huda så den er stram og fin (på bilete ser du at eg bles opp bollekjaken for å halde den stram).

Ta små forsiktige drag med kniven. Ikkje stress. Aldri skjer sidelengs, då blir det blodig.

Skyll våpenet i vatn regelmessig gjennom barberinga.

Du kan sjølv velje kor tett du vil ha barberinga. Etter å ha gått medhårs kan du skumme deg inn på nytt og barbere på tvers av håret sin vekstretning. Om du vil kan du også ta mothårs til slutt.

Skyll så ansiktet ditt først i heitt vatn, så i kaldt vatn slik at porene får lukka seg. Klin deg so inn med ein god aftershave til slutt, helst ein utan alkohol.

Handleliste:
Det fins fleire nettbutikkar som sel skikkeleg barberutstyr. Eg har veldig god erfaring med, og har fått fantastisk service frå Thor Åge i Cut-throat.no, og vel derfor å anbefale den nettbutikken. Eg kjem også til å komme med ei del erfaringar frå desse produkta etter kvart.

Bør ha:
– Barberkniv/høvel (hugs barberblad).
– Kost/børste.
– Barberkrem.

Kan ha:
– Kopp til å piske skum i.
– Barberolje.
– Aftershave.
– Børsteholdar.
– etc etc etc (saldoen på bankkontoen din er det einaste som set grenser for kva du kan bruke).

Coin Marketplace

STEEM 0.19
TRX 0.12
JST 0.027
BTC 60277.41
ETH 3351.71
USDT 1.00
SBD 2.42