Tull & Fanteri: Leverpostei
Eit magisk pålegg.
Leverpostei. Veit nokon eigentleg kva denne fantastiske mosen er laga av? Og bryr vi oss eigentleg, når det smakar så godt som det gjer? Ein eller annan hemmeleg ingrediens må det i alle fall vere i denne runde, magiske boksen, sidan det er eit av veldig få pålegg som både born OG vaksne elskar.

Bilde kjelde
“Postas” kom tidleg inn i mitt begrensa ordforråd. Eg har fått leverpostei sidan eg var liten og uskuldig. Det var alltid stas når vi fekk opne ein ny boks, og kjende den ferske, gode lukta av posteien. Synet av patéen var kjærkomen, der den låg innbydande i boksen sin, med lekre merke etter sirklane frå loket, og dei 3 søte, små toppane som vi ungane krangla om. Som attpåklatt var eg heldig, då eg vart vekkskjemd av søskena mine, og som regel fekk toppane når eg byrja å bry meg om dei. Alle veit jo at det er dei tre toppane som smakar aller best.

Krise! Uhell ved avduking. Øydelagde toppar!
Favorittmaten i barndomen, det som vekkjer dei beste, kulinariske minna, var når postasen vart kombinert med ost og utsatt for varme, til ei deilig "osteskive", som vi kalla det. Det var samme kor gammalt, hardt og halvmøgla brødet var. Når det fekk eit lag med smør, leverpostei og ost, og vart lett svidd på steikepanna, var det den mest fantastiske maten eg kunne få. Mange har reagert på det med leverpostei i eit varmt ostesmørbrød, men er det eigentleg så ulikt ei skive salami eller skinke? Kjøt er kjøt?
Medan det ser ut som brunosten har falt bakpå i kampen om å vere det mest populære lunsjpålegget, står leverposteien sin posisjon framleis sterkt. Sjølv er eg kurert for livet når det gjeld svett brunost på matpakka, men leverposteien ser eg aldri ut til å bli lei av. I tillegg får eg også gleda av å fore ungane med det, sjølv om dei enda ikkje har sett lyset når det gjeld postas-ostesmørbrød. Men eg skal nok få vendt dei om. Etter kvart.
Lykke til med prosjektet. Leverpostei er vell lever melk mel salt sukker og stivelse...
...Og ein dose paradis og einhjørningspulver
You got a 2.96% upvote from @postpromoter courtesy of @driftnerd!
Want to promote your posts too? Check out the Steem Bot Tracker website for more info. If you would like to support the development of @postpromoter and the bot tracker please vote for @yabapmatt for witness!