Tull & Fanteri: Kritiske foreldre
Eg skulle gjerne ha vore meir kritisk. Når nokon kjem med ein ny idé eller tanke, let eg meg lett rive med og ser det positive i det. Eg godtek kanskje ting for lett. Men når andre kjem med innvendingar til idéen, som kanskje ikkje var så lur likevel, får eg ein liten "aha oppleving" – og lurer på kvifor eg ikkje har tenkt på det same. Kanskje er eg for positivt anlagt? Eller rett og slett berre naiv?
Photo Source
Enkelte menneske er så kritiske at dei er faktisk er konstant sure. Dei evnar ikkje å sjå det positive i noko, men ser problem i alt. Dersom desse folka hadde holdt på å tørste i hjel i ørkenen, og hadde blitt servert eit livsreddande glas vatn, hadde dei vore sure fordi vatnet mangla kolsyre. Dersom dei hadde 20 millionar i Lotto hadde dei vore misnøgde fordi den auka formua utløyste formueskatt.
Korleis er det å leve slik? Å knapt finne glede i livet? Eg veit om slike menneske, der dei einaste gongane eg har høyrt dei le – er over andre sin ulykke. Då smiler og skratlar dei, så lenge det varar. Kva slags liv er dette? Det som er mest trist er om desse fugleskremsla får ungar. Ikkje spør meg korleis dei klarar å finne nokon som frivillig vil pirke på dei, med dei intime kroppsdelane sine, slik at dei blir eller gjer nokon gravide. Men alt kan vel skje i fylla, når tjukke ølbriller har teke plass på nasen.
Photo Source
Kan du tenkje deg korleis det er å bu i ein heim der mor eller far, i verste fall begge er så kritiske og negative? Å vekse opp utan nokon som helst aksept frå foreldre, og aldri få kjensla av å lukkast? Ingen positive ord. Ingen smil frå den du held kjærast i verda. Berre kritikk, sarkasme og hånande latter om du feilar. Korleis kan det gå bra med slike born? Kva sjanse har ein slik unge for eit godt liv?
Kanskje det er like greitt å vere naiv og godtruande, og ikkje kritisk til alt
You got a 0.93% upvote from @postpromoter courtesy of @driftnerd!
Want to promote your posts too? Check out the Steem Bot Tracker website for more info. If you would like to support the development of @postpromoter and the bot tracker please vote for @yabapmatt for witness!
Congratulations, you were selected for a random upvote! Follow @hakansorucu and upvote this post to increase your chance of being upvoted again!
Read more about @hakansorucu here.
.. but you didn't even upvote him! Nice try, Mr. spammer.