PERSONAL: Husbygging
Luksusproblem.
Å ha muligheita til å få bygd sitt eige hus er eit privilegie. Det er utruleg stort. Det eine tv-programmet etter det andre viser hus bli bygd, det eine flottare enn det andre, med alle slags lure løysningar og fantastiske design. Men ingen av programma viser korleis byggherrane sit og klør seg i hovudet av alle detaljane dei må bestemme seg for.
For det er eit sant smellvette kor mange val ein må ta når ein skal byggje hus. Det å kjøpe eit brukt hus er heilt ufatteleg enkelt i forhold. Då finn ein seg eit hus ein likar, målar om litt og i verste fall gjer om på ei romløysning eller to. Kva er vel det?
Kva hus skal ein velje, kor på tomta, korleis skal vegen gå, kva med renseanlegg for kloakk? Og når dei store avgjerdslene er gjort blir det enda meir detaljert. Eg trudde toppen var nådd når eg fekk med meg 7 katalogar for ulike veggplater. Kor mange ulike nyansar av kvit fins det eigentleg i denne verda? Men nei, det skulle bli verre. Etter eit møte hjå røyrleggjaren kom eg nemleg heim med heile 14 katalogar med ulike baderomsinnredningar. Vekta av alle blada fekk til og med bæreposen til å bryte saman av sjokk. Greitt nok av vi skal ha eit par bad, men korleis skal vi klare å velje mellom alt dette?
For ikkje å snakke om kjøkenet. Skal ein ha kjøkenøy eller bardisk? Høgglans eller matt? Handtak eller glatt? Kjøleskåp eller kjøleskuffer? Kva andre kvitevarer? Kva farge skal ein ha på alt? Kva benkeplate? Skal ein ha stolar til etebordet, eller gå for sofa? Eg blir tussete.
Sjølv om det er eit luksusproblem å måtte gå gjennom alle desse vala, så er det likevel ein fare med det. Ein kan nemleg risikere å bli møk lei huset sitt før det i det heile teket er ferdig bygd. Og det ville i so fall vere sørgjeleg.
Heldigvis er eg ikkje der enno, for det er fortsatt heilt utruleg å tenke på. Mitt eige, flunk nye hus står snart klar for innflytting, etter 8,5 års kamp for byggjeløyve. Det er nesten for godt til å vere sant.
Hi @driftnerd
Building a new house of course has it challenges and you have to take more choises then you probably ever dreamed about. I have worked with a lot of house builders that have been trough all this, luckily the end result will be like you want it to be. Even do it says that you will have to build your house 3 times to learn want you want and not to be completely sattisfied:-)
We bought a 100year old house 1 year ago and was supposed to do an quick fix up with a good budget we belived. We ended up doing a full build over. Everything is new, and the budget. Yeah more then double:-) The outcome, we love our house:-)
Have a great day
best regards @everydaycoach
You got a 1.14% upvote from @postpromoter courtesy of @driftnerd! Want to promote your posts too? Check out the Steem Bot Tracker website for more info. If you would like to support development of @postpromoter and the bot tracker please vote for @yabapmatt for witness!