Å bli far, igjen...

in #norway9 years ago

Endeleg kom nr 4.

Etter mykje styr kom endeleg vår vakre, vetle baby heilskinna ut i lyset og opp i fanget. Ei vakker, lita jente som den siste tida har turna rundt i magen til mor, som ein overtrent, kinesisk akrobat. Men korleis er det eigentleg å få born?

I filmar og seriar vert karakterane ofte heilt frelste når dei får born. Verda deiras vert totalt forandra og alt vert forvandla til ei rosa, lodden draumesky. Der svevar dei omkring i total tilfredsstillelse, som ein nyfrelst indremisjonist på lykkepiller. Nuvel. Eg hugsar godt då mi første vart fødd. Ingen jente har vel smelta hjartet mitt so fort. Eg vart umiddelbart bergteken, for ikkje å sei forelska, i det vetle snuppenurket. Visst var det stas å bli far, men føtene mine var framleis godt planta på jorda. Ingen fluffy skyer for denne karen. Og akkurat det overraska meg litt, sidan eg hadde forventa noko meir.

Er det oppskrytt å bli far? Eg vil ikkje sei det. Det er ei fantastisk og unik kjensle å få sitt eige born i fanget, og innsjå at ein faktisk har vore meir eller mindre delaktig i å lage denne krabaten sjølv. Eit ferskt, nytt liv som er totalt hjelpaslaust og avhengig av deg for å overleve. Ein 3D-Tamagotchi du ikkje kan ta ut batteriet på når du er lei. Og ja, dette forandrar verda di til ein viss grad. Ein kan ikkje lengre tenkje kun på seg sjølv og gjere akkurat som ein sjølv vil. Ein må ta hensyn og setje andre først. Men er det så negativt? Er det ikkje eit steg i retning av å bli ein so kalla vaksen?

(dette er ein tekst eg henta frå heimesida mi. Jenta er no 2 år gammal og testar alle grenser så godt ho kan)

Sort:  

Fin post!

Artig når de blir 2-3 år ja. Blir litt mer motstand da, hehe.

8 år, 7 år, 5 og 2. Eg har ikkje fritidsproblem :)

The @OriginalWorks bot has determined this post by @driftnerd to be original material and upvoted(1.5%) it!

ezgif.com-resize.gif

To call @OriginalWorks, simply reply to any post with @originalworks or !originalworks in your message!

Coin Marketplace

STEEM 0.04
TRX 0.32
JST 0.082
BTC 61381.62
ETH 1632.08
USDT 1.00
SBD 0.41